• Sign in

Norwegian Logos Users
9 years ago

Den norske bibelpakka har vorte lansert! Det ser ut til å vere ein godt bearbeida versjon (som alltid frå Logos). Teksten har både markerte kryssreferansar og notat og det er tydeleg kva som er kva. Desse er som ein kan vente lenka i teksten, så ein kan gå direkte til ordforklaring/staden det er henvist til ved å trykke på den .Biblane har også alt tillegsmaterialet som finnast i dei trykte versjonane: ordforklaringar, kart (som av ein eller annan grunn er i svart kvitt) osb. Den har også tekstrekkene, men her er ei lita skuffing for min del. Desse ligg ikkje som lectionary og ein kan difor ikkje få opp sundagens tekst automatisk. Det er forståeleg, men kunne vore betre. Eit anna minus er at pakka inneheld 78/85 omsettjinga med NT frå 05 og ikkje frå 78/85. Eg skulle også ynskje at Logos selde biblane kvar for seg, men dette kjem kanskje etter kvart?